Ungt Entreprenørskap
Tlf: 90825727
Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal er ein ideell organisasjon som vart stifta 8. februar 2001. Stiftarar var bedrifter, organisasjonar og offentleg sektor. UE Møre og Romsdal har eige styre. Ungt Entreprenørskap arbeider med entreprenørskap i utdanning og tilbyr undervisningsmateriell, aktivitetar og kurs for heile utdanningsløpet. Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal hadde, i perioden 2006 - 2010, fagleg og organisastorisk ansvar for delprogrammet Entreprenørskap i utdanning i hoppid.no - Program for Entreprenørskap i Møre og Romsdal.
UE Møre og Romsdal har inngått eit nytt samarbeid med hoppid.no frå 2011. Entreprenørskapsløye - forankring av entreprenørskap i utdanning i kommunar og skolar sine planer.
Våre ungdommar skal sjå muligheitene i Møre og Romsdal!
Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal sitt formål er - i samspel med skoleverket, næringslivet og andre aktørar - å:
•utvikle barn og ungdom sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv
•gi barn og ungdom forståing for verdiskaping og nyskaping i næringslivet
•fremme barn og unge si samarbeidsevne og ansvarskjensle
•gi forståing for og kunnskap om etikk og reglar i nærings- og arbeidslivet
•styrke samhandlinga i lokalsamfunnet mellom nærings- og arbeidslivet og skolane
•stimulere til samarbeid over landegrensene
•inspirere til framtidig verdiskaping i ein sosial, kulturell og økonomisk samanheng
Regionkontakt Nordmøre er Ragnar Rønning ved Bølgen Næringshage.
For mer informasjon om UE Møre og Romsdal klikk her.
Bølgen
Postboks 739 - 6501 Kristiansund NTlf: 71 57 33 00 - firmapost@bolgen.no
Besøksadresse: Kongens Plass 5