Kurs: Økonomi for ikke-økonomer

hoppid”Økonomi for ikkje-økonomar” er eit praktisk retta kurs. Kurset er skreddersydd for gründerar og etablerarar. Her kan du lære bedriftsøkonomi på ein dag!

Målgruppe:
Dette er eit kurs for alle som har lyst til å lære bedriftsøkonomi heilt frå grunnen av - ingen spørsmål er for "dumme".

Innhald og mål:
Ein starter med forståing av sentrale økonomiske nøkkeltall, deretter vidare med rekneskap og balanse. Det pedagogiske opplegget er basert på "learning by doing". Deltakarane blir delt inn i "bedrifter" som konkurrerer mot kvarandre i eit marknadsspel. Undervegs kjem viktige strategival og uføresette hendingar som deltakarane må takle og ta stilling til. Etter kvart driftsår må ein gjere opp "rekneskap" på kor godt ein har klart å drive.

Kursmål – etter gjennomført kurs skal:
•Deltakarane forstå sentrale bedriftsøkonomiske begrep.
•Forstå resultatrekneskap og balanse.
•Lære om budsjettering.
•Lært å bruke nokon økonomiske nøkkeltal.
•Forstå og gjennomføre endringar – slik at bedrifta blir meir lønsom.
Fagleg ansvar: Autoriserte kursholdarar frå Molde kunnskapspark, Ålesund
kunnskapspark og Bølgen Næringshage
Lengde: Ein dag frå ca kl 10:00 til ca kl 17:00
Kursavgift: Gratis
Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar.
Påmeldingsfrist: 4 dagar før oppstart (eller fram til oppstart dersom det er plass på kurset). Dei enkelte kursa vert gjennomført under føresetnad av at det er minst 15 påmeldte.

FOR PÅMELDING,KLIKK HER:

https://mrfylke.no/Satsingar/hoppid.no/Kurskalender/(event)/433285

Publiseringsløsning fra IDLmedia AS